FAGSTOFF

Fordelar med å bruka ensileringsmiddel

  • Auka mjølkemengde tar betre vare på proteinet grunna mindre feilgjering
  • Mindre bruk av kraftfor / økt grovforopptakBetre smaklighet grunna mindre feilgjering
  • Betre vommiljøMindre feilgjering gjer høgare grovforopptak
  • Auke fett % i mjølka  tar vare på sukkeret i graset, som igjen genererer fett


Kjelde: Lise Austrheim, Norsk Landbruksrådgiving Vest

Mengde og dosering av ensileringsmiddel

All forsking visar at dei som har mykje og godt heimeavla grovfôr oppnår best økonomi ved mjølk- og kjøtproduksjon med drøvtyggjarar. Høgt fôropptak av grovfôr krev høgt næringsinnhald, mykje energi og protein, og for å oppnå dette, har rett slåttetidspunkt mykje å seia. Å slå graset tidleg er ikkje nok for å sikra høgt fôropptak. Gjæringskvaliteten må også vera tilfredsstillande og bruk av ensileringsmiddel i rett dosering med god fordeling er avgjerande. Bruk av ensileringsmiddel er ein god forsikring som førar til raskare pH-senking, hemma gjæringsintensitet og mindre fare for feilgjæring.

Ensileringsmiddel vert del inn i tre kategoriar: Syrebaserte middel, saltbaserte middel og biologiske middel

Dei syrebaserte ensileringsmidla verkar gjæringshemmande ved at dei senkar pH og stoppar anding i graset. Ved for låg dosering vil ikkje senking av pH verte effektiv nok, og det kan gjeve oppformeiring av både eddiksyrebakteriar og smørsyrebakteriar. Doseringa av syrebaserte middel bør difor fylgja anbefalinga frå produsent som er 3-5 liter per tonn gras. Låg tørrstoffprosent, proteinrikt gras og ulaglege vêrforhold krev høgare dosering. Syrebaserte middel sprengar planteceller og verkar på graset det treff - difor er det særs viktig at dysene er passert slik at heile strengen vert dekka av middel.

Dei saltbaserte midla, meir kjend som Kofasil/Xtrasil-middel, hemmar gjæring generelt og oppformeiring av uønska bakteriar spesielt. I rundballar og opne plansiloar vil det utvikla seg nitrøse gassar som fordel seg godt i ballane. Dei drep uønska bakteriar og sporar frå desse. For å få nok av gassane til å oppnå ønska effekt, er det avgjerande at ein doserer med anbefalt mengde som er 2,5 - 4 liter per tonn gras for Kofasil/Xtrasil LP. Lågaste dosering ved optimale forhold og tørrstoff % over 25.

Ved bruk av biologiske middel tilset ein meir av dei ønska mjølkesyrebakteriane. Dette vil gje ein større og raskare produksjon av mjølkesyrebakteriar, og pH vert senka. Doseringa er 1 gram bakteriar per tonn gras. Ved bruk av finsnittar anbefala ein å dosere 2 liter per tonn, men ved bruk av rundballar anbefala ein å gå opp i 4 liter per tonn gras for å få nok innblanding.

Litt meir om dosering

Raigras er ein bladrik grasart som kan vera utfordrande å fortørka. Har ein mykje raigras med låg tørrstoffprosent, krev dette at ein legg seg i øvste sjiktet for anbefalt dosering. Kløver og hundegras har høg bufferevne (motstandsevne mot endring i pH) og krev høgare dosering.

Sterk nitrogen-gjødsling aukar bufferevna og krev høgare dosering av ensileringsmiddel.

Ved tidleg slått er nitrogeninnhaldet høgt og tørrstoffinnhaldet som oftast lågt. Det krev at doseringa bør aukast. Doseringa kan reduserast ved fortørking.

Ved direktehausting der arbeidet tek lang tid, eller graset vert hausta under våte forhold, må ein auke doseringa. Har ein mistanke om forureining med jord i graset bør ein også auke doseringa.


Kjelde: Jan Håvard Kingsrød, Produktsjef, Konservering i FK Agri - www.buskap.no

Ensileringsmidler tar vare på verdiene

Fra naturens side har Norge gode forutsetninger for å dyrke mye og godt grovfôr. Kunsten er likevel ta vare på de verdiene som er i graset helt fram til fôrbrettet. De siste åra er det få steder vann har vært begrensingen på avlingene. Men dette gir seg også utslag i mer krevende fortørkingsforhold og en lavere TS (tørrstoff) i surfôret. En høyere TS-prosent i seg selv vil begrense gjæringa og sånn sett ta vare på mer av verdien. Imidlertid er det krevende å komme opp i slike TS- nivåer på kort nok tid, under 24 timer, slik at gjæringa blir nok begrenset. Bruk av ensileringsmidler vil i stor grad begrense gjæringa på samme måte. Effektive ensileringsmidler tar derfor vare på mer av sukkeret og proteinet som er i grovfôret selv ved en lavere TS-prosent. Dermed kan grovfôret stå for en større andel av den totale fôrrasjonen

Riktig tilsetting

Skal ensileringsmidlene gi ønsket effekten er det viktig at de blir tilsatt på rett sted i høstemaskinen. Ved feil plassering vil avdrift og fordamping kunne bli svært stor. Mye vil da forsvinne og vi får ikke den forventede effekten.

For stor underdosering kan i verste fall gi en negativ effekt i forhold til ingen tilsetning. For syremidler har dette nivået blitt anslått til under halvparten AF