Ensilering: Tor Bruland ved Hellestveit gard har sett saman eit elektronisk system for ensilering i slåtten. Foto: Marius Amundsen
Ensilering: Tor Bruland ved Hellestveit gard har sett saman eit elektronisk system for ensilering i slåtten. Foto: Marius Amundsen


Putlar med ny løysing for enklare slått

  • Gardbrukar og mekanikar Tor Bruland ved Hellestveit gard i Øystese har det siste året arbeidd med eit elektronisk doseringssystem for maursyre i slåtten.

Håkon Norheim norheim@hf.no

Publisert: 11.01.2021 19:30

Slike løysingar finst på marknaden allereie, men Bruland seier han har laga eit system som er litt enklare og ikkje så dyrt.

Det nye systemet gjev betre kontroll med kor mykje maursyre bonden brukar. Tidlegare nytta Bruland kanner på 25 liter, og måtte byta kanne for annakvart lass. No brukar han både pickup-vogn og ballemaskin og har ein tank med syre framme på traktoren. Han er knapt ute av styrehuset heile dagen.

Dei tunge løfta er reduserte, og bonden er ikkje så mykje eksponert for syre som før. Maursyra er ganske sterk og kan skada graset som står att om ho kjem på bakken.

- Systemet syg syra frå fatet og spreier henne på graset når det vert pakka i til dømes rundballar, seier Bruland.

Full kontroll

Opplegget består av ei lita såkalla membranpumpe og eit måleinstrument som måler mengda syre som går gjennom slangane. Kor mykje som vert brukt, viser på apparatet inne i traktoren. Der kan bonden òg lett justera kor mykje syre som skal brukast og kor fort pumpa skal gå.

Bruland slår om morgonen, og lèt graset liggja og turka utover dagen. Om kvelden køyrer han ballemaskina og pakkar inn graset. Det er då syra vert sprøytt på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elektronikk til teneste

Bruland har funne krinskort og komponentar på nettet som han har sett saman og lodda.

- Kven skal produsera systemet?

- Det skal me gjera sjølve her på garden. Me er sjølvsagt spente på kor mykje me klarar å selja. No i fyrste omgang skal me berre laga 20 stykke. Det er eit bra økonomisk løft for å koma i gang, seier Bruland.

- Det som gjorde at eg byrja med dette, var at me kjøpte ballemaskin. Tidlegare har me brukt ei pickup-vogn og køyrt graset heim til siloen. Då måtte eg byta til ny kanne for annakvar vogn og no, med ballepresse, for kvar åttande balle. Då tenkte eg at det kan eg ikkje halda på med. Eg er mekanikar, men kunne litt lite om elektronikk og tenkte at eg ville læra meg meir om det, seier han.

Eit måleinstrument registrerer kor mykje syre som går gjennom slangane, og bonden kan inne i traktoren justera syremengda. Foto: Marius Amundsen

Positiv respons

Bruland hadde planar om å laga eigne krinskort, og søkte Innovasjon Noreg (IN) om støtte for å koma i gang. Det er store utviklingskostnader, men han fekk han ikkje støtte. IN såg ikkje tiltaket som ei tilleggsnæring til landbruket.

- Difor har eg ikkje trykt eigne krinskort, men brukar kort og komponentar eg finn på marknaden og set dei saman. Ideelt sett har eg lyst å laga eigne krinskort, men eg vil sjå om me klarar å selja systemet fyrst. Viss me skal laga eigne krinskort, er det snakk om ei investering på minimum 100.000-150.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruland har laga eit system som ein demo som han har vist fram for mellom andre Gule's Mek. og Landbruksverkstad. Verkstaden gav positiv tilbakemelding og ynskjer å bruka dette systemet på demonstrasjonsballepressa dei skal gjera klar for 2021-sesongen.

Sambuaren til dottera til Bruland, Marius Amundsen, er grafisk designar og skal laga brosjyrar om systemet.