HELLESTVEIT GARD

OM OSS

Hellestveit gard ligg i Øystese, ein tettstad i Kvam Herad langsmed Hardangerfjorden. Garden er full av historie og har vore i den same slekta sidan 1667. Det har vore ulik drift gjennom åra. Idag er det eit sauebruk med cirka 130 vinterfora sau. Det er Helen Hellestveit og Tor Bruland som står for drifta av garden.

.

Idéen om å laga nSilo kom frå eit behov for eit oversiktelig og nøyaktig syresystem til eiga bruk. 

Tor er utdanna mekanikar  og jobbar no i oljeindustrien kor han blant anna har vore med å utvikla diverse kontrollsystem. Ideen om å utvikla nSilo ensileringssystem spring ut fra eit behov for syresystem på eige utstyr. Systemet blir utvikla i gardens eigen verkstad,der samanstilling og testing av komponentane blir føreteke før utsending til kunde.