Vedlikehold Membranpumper

Vedlikehald av nSilo membranpumpe

Uten fast vedlikehald kan du få driftsstans, feil dosering og kortare levetid på utstyret. På denne sida finn du enkle rutinar for reingjering, kontroll av slitedelar, feilsøking og tips til trygg bruk gjennom heile sesongen.

Vaskerutinar / lagring  

- ved ulike typer ensileringsmiddel



🟥 GrasAAT (Lacto / Plus)
  • Risiko utan vask: Ekstremt høg.
  • Kva skjer i pumpa: Om du ikkje vaskar ofte vil laktosen (sukkeret) i GrasAAT tørke inn og fungere som eit sterkt lim. Dei tynne paraplyventilane klistrar seg bom fast til ventilsetet sitt.
  • Resultat: Når du startar opp att klarer ikkje pumpa å lausne ventilane, eller så revnar gummien fordi motoren dreg til mot fastlimde delar. Så bruker du GrasAAt bør du pumpe lunka vatn igjennom pumpa ofte.
🟨 RISIKABELT: Xtrasil (N-LP / N-Ultra), Kofasil LP / Ultra
  • Risiko utan vask: Høg.
  • Kva skjer i pumpa: Når saltløysinga blir ståande stille i pumpa i vekevis mellom slåttane, fordampar fukta gradvis ut av dysene og slangane. Xtrasil vil då krystallisere seg til harde, skarpe saltavleiringar rett på ventilane og membranane.
  • Resultat: Når du startar opp att, vil desse krystallane fungere som sandpapir og slipe i hel gummien. I verste fall gror pumpa så tett av salt i løpet av sommaren at ho ikkje klarer å byggje opp trykk i det heile teke til neste slått.
🟩 BEST EIGNA: Ensil 1 og Ensil Pluss
  • Risiko utan vask: Låg til moderat.
  • Kva skjer i pumpa: Dette er reine, klare syreoppløysingar. Dei inneheld korkje sukker som limer eller salt som fell ut i harde krystaller. Væska held seg flytande og stabil inne i pumpa, sjølv om ho står over lengre tid.
  • Resultat: Sidan både ventilane og PP-plasten i pumpa tåler maursyre og propionsyre perfekt, tek ikkje innmaten kjemisk skade av at væska blir ståande men me annbefaler å pumpe igjennom lunka vatn før og etter kvar slått.

Me vil annbefale å pumpe igjennom lunka vatn etter slåtten og før vinterlagring pumpe igjennom ein mix med 50/50 mix av frostveske.

1. Visuell kontroll av pumpe og slangar

Gjer ein rask visuell sjekk før kvar bruk, og ein grundigare gjennomgang minst ein gong i veka i sesong.

  • Sjå etter sprekkar og slitasje: Kontroller slangar, membranhus og festepunkt for sprekkar, bulkar eller misfarging.
  • Sjekk feste og oppheng: Pumpe og slangar skal sitje stødig utan å vibrere unormalt.
  • Kontroller elektriske tilkoplingar: Kablar og kontaktar skal vere heile, utan knekk eller laus kontakt.

Teikn på at noko er gale:

  • Slangar som er mjuke, oppsvulma eller har synlege sprekkar.
  • Pumpe som ristar meir enn vanleg eller lagar nye lydar.
  • Løse slangeklemmar eller boltar som har jobba seg ut.

2. Kontroll av lekkasjar

Kontroller for lekkasjar dagleg i sesong, og alltid etter skifte av delar.

  • Tørr og rein overflate: Pumpe, slangar og koplingar skal vere tørre. Tørk av før du startar, så ser du lett nye lekkasjar.
  • Sjekk rundt koplingar: Sjå spesielt der slangar er kopla til pumpe, tank og doseringspunkt.
  • Lukt og misfarging: Ensileringsmiddel kan gi sterk lukt og misfarge metall og plast.

3. Reinsing av filter

Filter bør kontrollerast minst ein gong i veka i sesong, oftare ved ureint middel eller mykje drift. Reins grundig ved kvar sesongstart og -slutt.

  • Steng av og avlast trykk: Slå av pumpe og sørg for at det ikkje står trykk i systemet før du opnar filteret.
  • Ta ut filterinnsats: Skyll med reint vatn til alle partiklar er borte.
  • Kontroller for skadar: Sjå etter hol, rifter eller deformasjonar i filteret.

4. Smøring a O-ringar (hurtigkoblinger)

O-ring på hurtigkobling er av materiale som er tilpassa ensileringsmiddel.

🟩 BEST EIGNA: Silikonfeitt / Silikonolje

🟥 Petroliumsprodukt

  • Må ikkje brukast vanleg smørjefeitt, verktøyfeitt eller motorolje, WD-40, CRC 5-56 eller lignande spraysmurningar. Slike produkt vil få O-ringen til  å svelle, gå i oppløysing