Vedlikehold av membranpumpe
Den vanlegaste årsaka til driftsproblem i ei ensileringspumpe er ikkje slitasje, men mangelfull reingjering. Bruk av ulike kjemikaliar har ulike konsekvensar, men det tilrådde tiltaket* for å førebyggje problem er det same for samtlege:
Køyr pumpa og skyll gjennom systemet med lunka vatn – etter kvar slått og når sesongen er slutt.
GrasAAT Lacto eller Plus
- Produkt som inneheld sukker (laktose) kan lime fast ventilane i pumpa, slik at dei ikkje klarer å opna når pumpa går. Gummidetaljar kan rivna, noko som fører til at pumpa mister pumpe-effekt og sluttar å fungere.
Xtrasil / Kofasil N-LP / N-Ultra
- Produkt som inneheld salt kan føre til krystallisering og avleiring. Desse avleiringane kan både lime ventilane fast og fungere som "sandpapir", noko som aukar slitasjen på ventilar og dei andre pumpe-delane.
Ensil 1 / Pluss
- Reine syreløysingar utan sukker eller salt gjev normalt sett ikkje fastliming, krystallisering eller avleiring. MEN, desse produkta inneheld sterkare syrer enn dei som er nemd over, noko som kan skape tæring og slitasje over tid.
VIKTIG:
- Regelmessig reingjering av filter, pumpe og dyser – i kombinasjon med jamleg kontroll av funksjon – bidreg til sikrare drift og lenger levetid.
ETTER KVAR SLÅTT:
1. Plasser sugerøyret i ei rein bøtte med lunka vatn.
2. Køyr pumpa og skyll systemet til reint vatn kjem ut ved dysene.
Rutinen sikrar effektiv reingjering av filter, flowmeter (mengdemålar), pumpe, slangar og dyser. Regelmessig gjennomskylling reduserer risikoen for fastliming av ventilar, krystallisering, avleiringar, tæring og unødig slitasje – noko som bidreg til sikrare drift og lenger levetid.
NÅR SESONGEN ER SLUTT:
Trinn
1 – Vask
Køyr pumpa og skyll gjennom heile systemet grundig
med lunka vatn.
Demonter og reingjer filter skikkeleg.
Trinn
2 – Frostsikring (for vinterlagring)
Køyr ein blanding av 50% frostvæske og 50% vatn
gjennom heile systemet, slik at alle komponentar vert frostsikra. Blandinga
vert då sirkulert gjennom pumpa, flowmeteret (mengdemålaren), slangane og
dysene.
Trinn
3 – Smøring
Smør lett over O-ringar, hurtigkoblingar og
elektriske komponentar med silikonfeitt.
OBS!
Ikkje bruk oljehaldige produkt til smøring, som til dømes WD-40, då dette vil føra til at O-ringane svell opp og vert øydlagde.
Trinn 4 – Lagring
Display og pumpe må lagrast på ein rein, tørr og
frostfri stad – beskytta mot direkte sollys.
